#nasjonenshukommelse

MOST RECENT

Fotografi berekna på privat bruk opnar for å sjå nærare på relasjonar og nettverk, noko som er interessant i ein biografi.
Fagseminaret «Biografisk bruk av bilder» i serien #BilderSomKilder finn stad 4. juni. Korleis kan fotografi, trykk og maleri brukast aktivt saman med tekst for å få innsikt i eit menneskes liv og virke?

I seminaret snakkar Kristin Aavitsland om Harry Fett, medan Lisbeth Dreyer tek for seg Knud Knudsen.
Fotografiet her er døme på eit privat bilde, men òg ein eigen sjanger: dobbelteksponeringa. To blide jenter ved rekka på eit skip, og nærast som eit spøkelse bak dei: Peter Wessel Zapffe. Zapffe byrja tidleg å fotografere, og var ivrig, utforskande.

Han tok artium i 1918, og byrja på jusstudiet i Kristiania. I feriane arbeidde Zapffe på postbåten i Lyngen. Han hadde sjølvutløysar, og har truleg brukt han her. Og kan hende han vart så ivrig da han traff på to framande, glade jenter at han gløymde å trekkje fram filmen? På konvolutten med negativet har Zapffe notert «Fra posttiden», men ikkje namna til jentene.
#nasjonenshukommelse #zapffe #dobbelteksponering

Velkomen til utstilling om norsk journalistikk på Nasjonalbiblioteket!
Utstillinga «Journalistikken – fridomens sjanger? A.O. Vinje og norsk pressehistorie» på Nasjonalbiblioteket.
Utstillinga hentar fram viktige vitnesbyrd om den fjerde statsmakta si historiske rolle i det moderne Noreg, frå 200-årsjubilanten Vinjes prinsipperklæringar til dagens mediesituasjon med falske nyheiter.
Les meir på www.nb.no
#vinje #nasjonalbiblioteket #nasjonensminne #nasjonenshukommelse #vinjejubileet #vinjejubileum #aovinje #utstillinger #visitoslo #oslo #pressehistorie

Repost from @nasjonalbiblioteket using @RepostRegramApp - Spelefilm, fotografi, aviser, bøker, kart, notar, radioprogram, musikk, plakatar, småtrykk og mykje, mykje meir. Sikringsmagasinet vårt ligg sprengt inn i Mofjellet i Rana, og rommar det me snakkar om som «vår felles hukommelse».
Pliktavlevert material kjem inn til oss i ein aldri sinande straum. Me tek vare på det på best mogleg måte så også generasjonane etter oss kan sjå seg attende, og forstå si eiga historie betre.

#nasjonenshukommelse #nasjonalbiblioteket #nasjonensminne #mofjellet #moirana #sikringsmagasin #magasin #arkiv

Kor lang er ein langfilm målt i meter? Oppbevaringa av spelefilm som me låner ut hyppig til cinemateka i Noreg, krev sin eigen logistikk, akkurat som utlån av bøker. Filmrullane som de ser på biletet er både tunge og plasskrevjande. I automatlageret i Mo i Rana oppbevarer me dei i ein svær pater noster-heis når dei ikkje er ute på reise. Kan de gjette kor lang (målt i meter) ein langfilm på 1,5 timar er? Gitt at formatet er 35 mm og 24 fps (bilete per sekund). #nasjonenshukommelse #nasjonalbiblioteket #nasjonensminne #cinemateket #film #analogue #analoguefilm #filmhistorie #filmklassikere #filmklassikarar #arkiv

Fin utstilling på Nasjonalbiblioteket. #Kvinnekamp #nasjonenshukommelse

På nettsidene våre finn du mengder av digitaliserte avistitlar frå heile landet som du kan søkje i. Ønskjer du å vite kva som hende i verda den dagen du vart fødd? Skal du gjere research til ei skuleoppgåve? Eller er du berre veldig nyfiken? På nb.no finn du kanskje både det du leiter etter, og ting du ikkje ante at du var interessert i 😀
Biletet viser ein av robotskannarane våre som saman med dyktige operatørar mogleggjer avisdigitalisering
i stor skala.
#digitalisering #avis #aviser #gamleaviser #nasjonenshukommelse #nasjonalbiblioteket #nasjonensminne #scanners

Spelefilm, fotografi, aviser, bøker, kart, notar, radioprogram, musikk, plakatar, småtrykk og mykje, mykje meir. Sikringsmagasinet vårt ligg sprengt inn i Mofjellet i Rana, og rommar det me snakkar om som «vår felles hukommelse».
Pliktavlevert material kjem inn til oss i ein aldri sinande straum. Me tek vare på det på best mogleg måte så også generasjonane etter oss kan sjå seg attende, og forstå si eiga historie betre.

#nasjonenshukommelse #nasjonalbiblioteket #nasjonensminne #mofjellet #moirana #sikringsmagasin #magasin #arkiv

Fotografering på hytta á la 1920. Om ho hadde hatt ei selfiestong, kunne fotografen ha vore med på biletet òg 😄

Trykt postkort utgjeve av M. & Co. ca. 1915–1920.

#nasjonalbiblioteket #nasjonenshukommelse #nasjonensminne #hytta #hytteliv #postkort

«Ynde og skjønnhet som ingen kan kysse bort!» 💋💋💋Reklame for kyssesikker leppestift i mange nyansar frå Le rouge baiser.
Reklamefilm frå 1959, regissert av Arvid Skauge, Småfilm AS. Materialet tilhøyrer Museum Vest.
#nasjonalbiblioteket #nasjonenshukommelse #nasjonensminne #reklamefilm #museumvest #nostalgi #makeup #sminke #skjønnhet #leppestift

Berre to dagar att til Valentinsdagen den 14. februar og dimed på høg tid å ta pennen fatt og skrive til den du er glad i. Litt hjelp på vegen får du her av denne guiden i «frimærkesproget»: Presiser bodskapen din ved å plassere frimerket på den rette staden og på ein bestemd måte. Dette postkortet, og fleire andre med same tema, kan lastast ned frå albumet «Valentinkort» på Flickr-sida vår.
Trykt postkort utgjeve av Eberh. B. Oppi Kunstforlag (Christiania). Ukjend dato.
#postkort #postcards #valentinkort #valentindagen #nasjonalbiblioteket #nasjonensminne #nasjonenshukommelse #kjærleik #kjærlighetsbrev #kjærlighet #antiquepostcard #vintagepostcard #valentinesday #valentinescard #frimærker #stamp

I dag byrjar dei olympiske vinterleikane i Pyeongchang i Sør-Korea, eit arrangement som òg samlar sportsfotografar frå heile verda. På dei 108 åra som har gått sidan dette biletet vart teke på Frogner stadion i Oslo, har kamerateknikken utvikla seg enormt. I dag kan fotografane røre seg fritt med små og raske digitale kamera. Fotografane som står oppstilt med kamera på stativ kunne ikkje gjere det. Men omkring hundreårsskiftet 1800-1900 vart «momentlukkaren» introdusert på marknaden, og den gjorde det mogleg å fange augneblinken, noko som sjølvsagt er avgjerande i fartsfylte idrettskonkurransar 😊
Fotograf: Thorkel Jens Thorkelsen (1867-1945)
#nasjonalbiblioteket #nasjonenshukommelse #nasjonensminne #frognerstadion #oslo #oslove #oslobilder #sport #fotografi #fotoapparater #frogner

Til topps med Tip Top i munnvika, i ei tid då røyking og idrett ikkje var motsetningar… Heilt fram til 1975 var det lovleg å reklamere for tobakk i Noreg. I dag vitnar slike plakatar om ei haldning til røyking som verkar framand no. Men plakaten har sin sjarm, eller kva synest de?
Reklameplakat for Tip Top sigarettar, Conrad Langaard ca. 1930-39. Illustratør er Paul Lorck Eidem. Publisert med godkjenning frå Conrad Langaard AS.
#conradlangaard
#sigaretter #røyking #tobakk #tobakksreklame #reklame #nostalgi #tiptop #plakat #nasjonensminne #nasjonenshukommelse #nasjonalbiblioteket #sigarettar #sport #utpåtur #liveterbestute

Lihkku beivviin! 🎈Leat 15 jagi dan rájes go guovvamánu 6. beaivi šattai almmolaš leavgabeaivin, muhto mearriduvvui jo 1992:s ahte galggai leat sáme albmotbeaivi.
Govva lea váldon Finnmárkkus 1890-1900. Sihke govvideaddji ja govviduvvon olbmot leat apmasat. Gova erenoamaš ivnnit bohtet teknihkalaš prosessas man namma lea fotokrom. Fotokrom lea litográfalaš prententeknihkka mainna sáhttá ivdnet govaid mat bohtet čáhppesvilges negatiivain.

#sámealbmotbeaivi #nášunalagirjerájus #álbmogamuitu #sápmi #govva | Gratulerer med dagen🎈Det er 15 år sidan 6. februar vart offisiell flaggdag i Noreg, men avgjerda om at denne dagen skulle vere den samiske nasjonaldagen vart teken allereie i 1992. Dagen er felles for Finland, Noreg, Russland og Sverige, og det same flagget vert heist overalt.
Biletet er frå Finnmark, og er teke 1890-1900. Fotografen er ukjend, dei avbilda menneska óg. Dei spesielle fargane kjem frå teknikken, photochrom – fotokrom eller fotokromtrykk. Fotokrom er ein litografisk trykkteknikk for å fargeleggje fotografi frå svartkvite negativ. Fotokrom var ein populær metode rundt århundreskiftet.
#photochrom #finnmark #samer #samisk #nordland #norge #nasjonalbiblioteket #nasjonenshukommelse #nasjonensminne #fotografi #samenesnasjonaldag

Som fyrste land i verda har Noreg digitalisert og lagt heile den nasjonale litteraturarven ut på nett. Rundt 250 000 bøker – alt som er gjeve ut i Noreg til og med år 2000 – kan lesast gratis av heile befolkninga på nb.no. Dette er verdt å feire 🎈🎂 Me digitaliserer bøkene både manuelt og automatisk. Nokre av bøkene er såpass skjøre at dei risikerer å gå sund viss dei ikkje vert handtert med nennsam hand. Biletet syner ein manuell arbeidsstasjon: dei oppslegne boksidene vert fotografert av to kamera samstundes, og så blar ein om for hand.
#bøker #digitalisering #bokelskarar #bokelskere #nasjonenshukommelse #nasjonalbiblioteket #nasjonensminne

«Neimen det var en aldeles nydelig kaffe du har laget, kone!» Reklame for Astri Stockfleth spesialforretning i kaffe og te. @stockfleths
Reklamefilm frå 1957, regissert av Arvid Skauge, Småfilm AS. Materialet tilhøyrer Museum Vest.
#nasjonalbiblioteket #nasjonenshukommelse #nasjonensminne #reklamefilm #museumvest #nostalgi #kaffe #coffee #stockfleths #kaffekos #coffeeart #kaffekunst

Karl von Rapp, betre kjend som Carl Rappo (1800-54) var ein austerriksk sirkusartist. Som ung adelsmann dreiv han lidenskapeleg med idrett. Etter at eit sirkus vitja fødebyen hans Innsbruck, braut han med alle konvensjonar og fylgde med sirkustruppen vidare. Han vart snart kjend i heile Europa for gymnastikken og balansenummera sine. I Oslo synte Rappo fram sine forbløffande evner i 1843.

Plakaten høyrer til dei eldste me har i plakatsamlinga på Nasjonalbiblioteket.

#nasjonalbiblioteket #nasjonenshukommelse #nasjonensminne #sirkus #plakat

For mange er tida forbi når eit nytt år byrjar med innkjøp av ein kalender. I 1915 var det annleis, då nytta jamvel sigarrøykjande storkar almanakk!
Halvorsen & Larsens praktiske lommealmanakk kom fyrste gong i 1888.
Plakaten er signert P.W.L.
#plakat #almanakk #nasjonalbiblioteket #nasjonenshukommelse #nasjonensminne #kalender

I fjellmagasinet vårt har me totalt 260 hyllemeter med punktskrift. Utlån til privatpersonar og institusjonar skjer regelmessig, men å sende ein vanleg roman i punktskrift i posten krev ein del plass. Dei som vil låne Jo Nesbøs Kakerlakkene til dømes, kan vente seg seks tjukke band.
På bildet ser me det noko meir handterlege fyrste bandet med notar til Richard Wagners "Prelude to Parsifal". #punktskrift #fjellmagasinet #nasjonalbiblioteket #nasjonenshukommelse #nasjonensminne #noter #notar #wagner

#dagensbok#jobbelørdag 💜 #nasjonenshukommelse #Nasjonalbiblioteket Det finnes forøvrig ikke en tilsvarende for piker.

«Ut av byen, opp i høyden med Holmenkollbanen.» Reklamefilm for Holmenkollbanen og lysløypa fra 1957, regissert av Arvid Skauge, Småfilm AS. Materialet tilhører Museum Vest.
God skitur og god helg!

#nasjonalbiblioteket #nasjonenshukommelse #nasjonensminne #reklamefilm #museumvest #nostalgi #ski #oslomarka #oslove #holmenkollen #holmenkollbanen #lysløypa #liveterbestute #vinter

Most Popular Instagram Hashtags